Fremtidens skolebrød 2011

For lærarar

Undervisningsmateriellet er tilpassa kompetansemåla etter 7. trinn for mat og helse, og er innom 12 av 15 kompetansemål. Undervisningsmateriellet består av fem modular og er lagt opp slik at du som lærar kan plukke ut det du ønskjer å bruke frå kvar modul av fakta, oppgåver og oppskrifter.

Lærarrettleiinga til den enkelte modulen inneheld utdjupande fakta, kva for kompetansemål modulen er innom, forslag til organisering av undervisninga og lekseforslag. Du bør lese Introduksjon til undervisningsmateriellet før du tek materiellet i bruk. Her finn du tips til korleis du kan bruke fakta, oppgåver og oppskrifter, og dessutan nyttig informasjon om baking.

Konkurransen framtidas skulebrød

Til modul fem om produktutvikling, Framtidas skulebrød, har Opplysningskontoret laga ein landsdekkande konkurranse som utfordrar elevane til å lage grove utgåver av dagens skulebrød. I tråd med tilrådingane frå styresmaktene om auka forbruk av grove kornvarer oppmoder Opplysningskontoret elevane til å utvikle nye og sunnare skulebrød/-bollar til matpakka. Alle elevar frå 5.-10.trinn er invitert til å delta i konkurransen.Frist for innsending av bidrag ( oppskrift og bilete av porsjonsbrød) er 1. mai 2012. Les meir om Fremtidens skolebrød 2012.

1. Kornartane2. Frå jord til bord3. Grove kornprodukt4. Måltida5. Framtidas skulebrød
Lærarrettleiing Lærarrettleiing Lærarrettleiing Lærarrettleiing Lærarrettleiing
Fakta
Oppgåver
Oppskrifter
eller
Heile modulen
Fakta
Oppgåver
Oppskrifter
eller
Heile modulen
Fakta
Oppgåver
Oppskrifter
eller
Heile modulen
Fakta
Oppgåver
Oppskrifter
eller
Heile modulen
Heile modulen

 

FasitFasit til oppgåvene

Utskriftsvennlig versjonUtskriftsvennlig versjon FacebookDel på Facebook
Bokmål